Bjoa kyrkje vert oppgradert og er i ferd med å få isolasjon og ny kledning på den vel hundre år gamle trekyrkja.Foto: Anne-Britt Grindheim
Ei oppdeling av Opplysningsvesenets fond kan gi store midlar til vedlikehald og oppgradering av kyrkjebygg. På bildet Bjoa kyrkje.

Kan frigjera milliardar til kyrkje-vedlikehald

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Delinga av Opplysningsvesenets fond mellom kyrkje og stat kan frigjere fleire milliardar kroner til vedlikehald av kyrkjebygg landa rundt.

Delinga av fondet er ein del av oppgjeret etter at staten og kyrkja har skilt lag, og dreier seg om mellom anna eigedommar, utmark, prestegardar og pengar.

Totalt dreier det seg om verdiar på rundt 12 milliardar kroner, skriv Klassekampen.

Stortinget skal no – etter ein årelang strid – sjå på eit nytt lovforslag om Opplysningsvesenets fond og fordelinga av midlane derfrå.

Etterslepet på vedlikehald av kyrkjebygg er stort, og for mykje til at kommunane åleine klarer dette.

I lovforslaget heiter det at Den norske kyrkja skal overta eigedommar av særleg kyrkjeleg verdi. staten får eigedomsrett over resten av fondet.

Eit einstemmig Storting stiller som vilkår at kulturhistorisk viktige kyrkjebygg blir sett i stand, men for å kunne bruke midlar frå fondet må det først ei lovendring til.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS