Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er særs kritisk til NRK Vestland si samferdsledekning. Arkivoto: Irene Mæland Haraldsen
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er særs kritisk til NRK Vestland si samferdsledekning. Arkivoto: Irene Mæland Haraldsen

Mjuke trafikantar føler seg utrygge langs E134

Stadig fleire etterlyser den siste biten av gang-og sykkelvegen frå Etne sentrum som etter planen skulle gått heilt fram til krysset ved Litledalsvegen.

Publisert Sist oppdatert

Gang-og sykkelvegen frå Etne sentrum og austover stoppar ved Mosvingen. Etter planen skal den fortsetja dei siste fire hundre meterane fram til krysset mot Litledalsvegen, men enn så lenge manglar den siste biten. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim får stadig spørsmål frå folk om gang-og sykkelvegen som kan sikra tryggleiken for mjuke trafikantar i området frå Grindheim og fram til sentrum.

Blant dei er 13 år gamle Mari Haug Saltnes som har tatt direkte kontakt med ordføraren for å få ei avklaring på kvifor det tek så lang tid å få på plass resten av strekninga. Ho bur sjølv på Grindheim og må ut på den sterkt trafikkerte hovudvegen når ho skal sykla til trening eller møta vener i sentrum.

— Sidan eg bur på Grindheim må eg sykla ein stor omveg for å koma meg trygt til sentrum. Så eg hadde sett veldig stor pris på om sykkelstien blir bygd vidare, skriv den unge jenta i eit brev til ordføraren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS