Telefonkiosken på kaien i Ølen har no blitt lesekiosk
Foto: Silje Holden Birkeland
Den gamle telefonkiosken har blitt lesekiosk
Det er Foreningen !les i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB som står bak prosjektet, med å byggja om 100 gamle telefonkioskar til lesekioskar, og som Grannar tidlegare har skrive om, er telefonkiosken i Ølen ein av dei hundre som blir omdanna til mini-bibliotek. Her kan folk gå inn å finna seg lesestoff som dei kan låna med seg heim – og levera tilbake når boka er utlesen. Vindafjord bibliotek er fadder for lesekiosken, og dei tar gjerne i mot bøker frå folk som har nokre bøker til overs. Ein kan også ta med seg boka, og berre setja ho inn i lesekiosken.