Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I dag legg White Lady frå kai i Fjæra for første gong denne sesongen. Reiselivsaktørane håpar no på at både fastbuande i regionen og tilreisande vil bidra til kjærkomne inntekter i eit år kor utlendingane uteblir grunna korona-epidemien.ARKIVFOTO: ØYSTEIN SILDE FRØNSDAL
Åkrafjorden Oppleving AS er blant bedriftene som den nye runde med krisestøtte er retta mot.

Nye 750 millionar i koronastøtte til næringslivet

Publisert Sist oppdatert

Det er kommunane som fordeler desse pengane vidare, opplyser distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding som blei sendt ut denne veka. Ho meiner det er viktig at kommunane er raske med å fordela pengane til verksemder som har det tøft.

Statsråden peikar på at mange bedrifter er heilt avhengige av inntektene gjennom vinteren for å klara å halda hovudet over vatnet. Smittesituasjonen gjorde det nødvendig med store avgrensingar i påskeutfarten også i år. I tillegg er mange overnattings- og serveringsbedrifter i byane hardt ramma av restriksjonane.

— Behova til verksemdene endrar seg over tid. I første runde brukte me ein litt breiare pensel då midlane blei fordelte etter folketal og til kommunar med høgare arbeidsløyse enn landsgjennomsnittet. I denne runden spissar me tildelinga ytterlegare til kommunar med høg sysselsetning i overnattings- og serveringsbransjen. Me prioriterer også vinterdestinasjonane. I mange kommunar utgjer dette ryggraden i det lokale næringslivet, og regjeringa vil bidra til å sikra desse viktige arbeidsplassane, seier Linda Hofstad Helleland.

Powered by Labrador CMS