Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Rasteplass ved E6 i Skibotn i Troms.Foto: Jarle Wæhler / Statens vegvesen
Rasteplass ved E6 i Skibotn i Troms.

Ser på ladestasjoner ved rasteplasser

Publisert Sist oppdatert

– Vi har no starta arbeidet med å sjå på korleis vi målretta kan leggje til rette for ladestasjonar langs riksvegnettet og gi brukarane av vegnettet god føreseielegheit, seier divisjonsdirektør Per Morten Lund, i Statens vegvesen, Transport og samfunn, i ei pressemelding.

I desember 2020 blei det fastsett ein strategi for framtidig rasteplass-struktur, der det vert opna for å etablere ladestasjonar på hovudrasteplassar og for tunge køyretøy på døgnkvileplassar.

– Den raske teknologiske utviklinga bidrar til at uvissa om transportmiddel og energiberarar i framtida aukar med tidshorisonten. I vegsektoren gjeld dette spesielt tyngre køyretøy. Derfor har vi engasjert Multiconsult i arbeidet med å skaffe oversikt og kunnskapsgrunnlag. Vi ser no på ulike løysingsforslag rundt desse temaa, seier Per Morten Lund.

Powered by Labrador CMS