Sintef, Trondheim kommune og dei andre prosjektpartnarane skal utvikle ein målemetode for grøn konkurransekraft, og ein rettleiar for kommunar og fylkeskommunar som skal bli grøne og lønnsame. Illustrasjon: Shutterstock
Skal hjelpe kommunane å bli grønare
NPK: Trondheim kommune og Sintef utviklar no ei rettleiing som skal hjelpe alle kommunar i Noreg med korleis dei skal bli meir berekraftige.
I eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd, skal forskarar ved Sintef og Trondheim kommune lage ein plan for korleis kommunane i Noreg kan bidra til grøn konkurransekraft fram mot 2030, heiter det i ei pressemelding frå Sintef. Stjørdal, Bjørnafjorden og Bergen kommunar, og Trøndelag og Vestland fylkeskommunar er med på prosjektet.
Regjeringa vil auke den grøne konkurransekrafta i norsk næringsliv. Trondheim kommune og Sintef utviklar no ei rettleiing om korleis ein kan måle grøn konkurransekraft, og kva kommunane bør gjere for å ta fatt på omstillinga. Dei kallar det eit vegkart for grøn konkurransekraft i kommunesektoren. Vegkartet» vil innehalde konkrete forslag til verkemiddelbruk, og moglege scenario for næringslivet fram mot 2030. Det vil òg vere eit verktøy for evaluering og samanlikning.
Å måle grøn konkurransekraft kan til dømes vere å måle kor mange nye jobbar som blir skapt i grøne næringar og kor medvitne befolkninga er rundt klimautslepp, eller CO2-utslepp per tente krone.
– Vår første oppgåve blir å finne ut kva for tal det er mogleg å oppdrive, og så vurdere kva for verdiar som er mest relevante for kommunane, seier forskingsleiar Kristin Tolstad Uggen, som leier forskingsprosjektet i Sintef.
Systemet for måling skal testast ut i kommunane og fylkeskommunane som er med i prosjektet, over ein periode på to år. Dataa som blir samla inn, skal beskrive situasjonen i dei ulike kommunane i dag. Deretter er planen å utvikle statistiske modellar for å anslå kor grønt næringslivet kan bli fem år fram i tid.