Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Straumprisane har vore høge på byrjinga av året. Arkivfoto: Alf Ove Hansen / NTB / NPK
Straumprisane har vore høge på byrjinga av året.

Dobbelt så høg straumpris i første kvartal

Publisert Sist oppdatert

Den totale straumprisen for hushalda, medrekna avgifter og nettleige, var i gjennomsnitt 120 øre per kilowattime i første kvartal i år, skriv SSB.

Det er 37 prosent høgare enn i første kvartal i 2020, då straumprisane var lågare enn dei har pleidd å vere dei siste åra. Trekkar ein frå avgifter og nettleige, var kraftprisen nesten dobbelt så høg i første kvartal i år. Dei siste ti åra har straumprisen berre vore høgare i slutten av 2018 og i byrjinga av 2019.

I februar løyvde Stortinget 260 millionar kroner ekstra til bustøtte for å hjelpe mottakarane med å betale dei høge straumrekningane under kuldebølgja. I januar og februar låg gjennomsnittstemperaturen i Noreg høvesvis 3,3 og 2 grader under normalen.

Powered by Labrador CMS