Det er sett over 2,5 millionar vaksinedosar i Noreg, og snart har ein tredel av heile befolkninga fått første stikk. Statsministeren er fornøgd.
— Tempo og oppslutning om vaksinasjonsprogrammet er ein viktig føresetnad for at vi kan lette på tiltaka og få fart på Noreg igjen. Viss vi klarer å halde smittetala nede og leveransane frå produsentane kjem som lova, betyr det at vi kan gå vidare til trinn 3 innan rimeleg tid, seier satsminister Erna Solberg til NTB.
Etter ei veke med bråk om vaksinasjon av stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer, viser dei siste tala at det er sett godt over 2,5 millionar vaksinedosar i Noreg, nærare bestemt 2.598.403 dosar, ifølgje FHI.
— Glad
1.631.293 personar har fått den første dosen, og dermed nærmar vi oss ein tredel av heile den norske befolkninga. 967.110 personar har fått andre dose.
— Eg er veldig glad for at folk sluttar opp om vaksinasjonsprogrammet, slik at vi raskare kan komme tilbake til kvardagen og ei gjenopning av samfunnet, seier Solberg.
Det nærmar seg òg at 40 prosent av innbyggjarane over 16 har fått minst éin dose. Tala viser at dekninga med første dose er relativt jamn i alle fylke, men Oslo ligg i front når det gjeld å vaksinere aldersgruppa 45–65 år.
Statsministeren understrekar at faren ikkje er over og at det framleis dukkar opp lokale utbrot.
– Det er viktig å minne alle om at vi må halde meteren og følgje smittereglane sjølv om vi no har opna litt opp på tiltaka, seier ho.
Mest i Viken
Dei som har gitt første dose til størst del av befolkninga over 18 år, er Viken (39,8 prosent) og Innlandet (39,5 prosent). Lågast del er i Trøndelag (35,9 prosent) og Troms og Finnmark (36,3 prosent). For andre dose ligg fylka Innlandet (24,2 prosent) og Viken (23,9 prosent) best an.
Pfizer og Biontech produserte den første koronavaksinen brukt i Noreg, og første dose vart sett den 27. desember 2020. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk. 11. mars vart AstraZeneca sett på pause, før regjeringa kunngjorde den 12. mai at han blir teken ut av vaksinasjonsprogrammet på grunn av alvorlege blodpropptilfelle.
Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.