Solveig Kvamme (t.v.), Turid Strømfors, Jolanta Stobiecka og Heidi Hansine Vika Vinnes synest ein trasketur på Olav Vik er nydeleg. No ønskjer dei fleire med seg.
Foto: Grethe Hopland Ravn
I manko på frivillige
Kva er vel betre enn å nyta naturen på ein flott vårdag, saman med andre menneske som gjerne har dei same interessene som deg sjølv. For Solveig Kvamme, Turid Strømfors, Heidi Hansine Vika Vinnes og Jolanta Stobiecka, som alle er engasjert i Etne frivilligsentral, er ein tur ut i det fri ei vitamininnsprøyting for sjela.
— Det er utruleg kjekt å gå ein tur i lag med andre, og me pratar og ler mykje. Ikkje treng me gå så langt heller, det kjem heilt på an på kva me føler for, seier Vika Vinnes, som er ein av turleiarane i frivilligsentralen.
Men dei skulle så gjerne vore fleire. Både av frivillige som kan vera med å bidra, men også av personar som har lyst å vera med på tur.