Statsminister Erna Solberg (H) orienterte onsdag om framdrifta i utviklinga av eit koronasertifikat som gir høve til reising, deltaking på arrangement og ei tidlegare gjenopning. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Statsminister Erna Solberg (H) orienterte onsdag om framdrifta i utviklinga av eit koronasertifikat som gir høve til reising, deltaking på arrangement og ei tidlegare gjenopning.

Planlegg bruken av koronasertifikat

Regjeringa opnar for fleire bruksområde for koronasertifikat, men har førebels ikkje full oversikt. Nordmenn kan truleg reise til Europa i juni.

Publisert Sist oppdatert
Regjeringa meiner at både koronasertifikat og testar ved inngangen kan vere aktuelle tiltak for større arrangement utandørs i sommar. Sertifikatet vil òg kunne brukast til å auke talet på personar som kan delta på arrangement.

Onsdag sender regjeringa eit lovforslag ut på høyring som skal leggje til rette for meir bruk av koronasertifikat. Ei fullstendig liste over alt eit slikt koronasertifikat kan brukast til, er førebels ikkje klar.

— Vi er samde med dei råda vi har fått frå helsestyresmaktene om at koronasertifikat kan brukast for å ha større offentlege arrangement, cruise og pakkereiser. Regjeringa har likevel større ambisjonar for bruken. Vi vil til dømes også vurdere om sertifikatet kan brukast lokalt der det er strengare reglar enn dei nasjonale. Det er mange spørsmål som må avklarast før vi konkluderer endeleg, seier statsminister Erna Solberg (H).

Første versjon klar

Eit koronasertifikat skal på ein sikker måte kunne dokumentere namn og fødselsdato, om du har fått vaksine, om du nyleg har fått ein negativ test, og om du er immun etter å ha hatt korona. Sertifikatet kan brukast til å opne samfunnet meir og tidlegare, opplyste Solberg på ein pressekonferanse onsdag.

Den første versjonen av sertifikatet, som viser testresultat og vaksinasjonsstatus, er no klar, men vil bli vidareutvikla for å bli sikrare, betre og kunne brukast til meir. Arbeidet går langs to hovudaksar: Den eine er dei tekniske løysingane, og den andre er korleis ein skal bruke det i praksis og vurderingane rundt det.

Solberg viste til at smitten held fram med å gå nedover nasjonalt samtidig som talet på vaksinerte aukar. Dette gjer at ein er i rute for ei ytterlegare opning mot slutten av mai.

Kan truleg reise til Europa i juni

Noreg samarbeider med EU om eit felles rammeverk for koronasertifikat.

Debatten går framleis i EU om korleis eit koronapass skal brukast, til dømes om ein kan unngå karantene ved innreise til ulike europeiske land. Så lenge det ikkje er gjort vedtak om kva reglar som gjeld i Europa, vil det også avgrense eit norsk koronapass i utlandet i ei tid framover.

Ifølgje planane skal ein fullverdig versjon i tråd med EUs regelverk vere klar seint i juni.

Men Solberg sa at regjeringa vurderer bruk av koronasertifikat for reising i EU før den felles europeiske løysinga er på plass. Dermed kan nordmenn truleg reise til stader i Europa allereie tidlegare i juni.

— Om vi har eit verifiserbart koronasertifikat på plass før EU, og også andre land har tilsvarande sertifikat vi stoler på, vil vi vurdere å opne for slik bruk av koronasertifikat for reise til og frå EU før den felles europeiske ordninga er på plass, sa Solberg.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS