Plast og søppel flyt mange stader. Nå går Etne kommune i gang med ein ryddeaksjon over ei heil veke.Illustrasjons
Nå skal det ryddast i heile kommunen
Etne kommune drar nå i gang ei vårrydding på dugnad.
Ordførar Mette Heidi B. Ekrheim og varaordførar Kenneth L. Karlsen står i spissen for den aksjonen for å rydda langs vegar, strender og offentlege område.
— På grunn av smittevern er det ikkje mogeleg å gjennomføra ein større dugnad. Difor må me organisera oss i kohortar. Folk kan registrera aksjonen sin på nettsida ryddenorge.no, for å registrera kor mykje boss og kor mange som er med. Ein kan sjølvsagt rydda utan å registrera seg også, seier ordføraren.
Det blir sett ut konteinarar i Etne ved den nye kyrkja, ved gamleskulen i Skånevik, ved Sørstranda grendehus, nedom bensinstasjonen på Sævareid. Desse vil bli ståande ute ei veke, frå fredag 28. mai til 4. juni. Her vil det også ligga hanskar og sekker.