Dagleg leiar Rolf Helge Pedersen (t.v.), kommunedirektør Bjørn Tollefsen og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim med beviset for at Montér Etne er sertifisert som Miljøfyrtårn.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Slår eit slag for miljøet
Lista over bedrifter i Etne kommune som er sertifiserte som Miljøfyrtårn tel fire bedrifter. Ein av desse er Montér Etne som nyleg fekk eit synleg bevis på at dei er med i kampen for ein grønare kvardag.
Februar 2020 starta byggevarekjeden Optimera Miljøfyrtårn-sertifisering av kjeden sine utsalsstader og anlegg, og målet er at alle skal vera sertifiserte i løpet av hausten 2021. Ved Montér i Etne har dei jobba med prosessen ei god stund, og denne veka kunne dei motta sertifikatet som viser at dei set miljø i høgsetet.
— Gevinsten for å vera sertifisert er miljø og berekraft, seier dagleg leiar Rolf Helge Pedersen ved Montér Etne.
Miljøfyrtårn-ordninga er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa verksemder med grøn omstilling. Gjennom eit digitalt system får verksemdene eit verktøy for å jobba med å forbetra sine miljøprestasjonar innan arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Ved Montér-butikken i Etne blir det auka merksemd på ei rekkje område.