Spenstig vekst for lokalt byggefirma
Grannar-lesarar hugsar kanskje at det er Vigor-gründer Kjetil Nedreskår sjølv som bur i det nye og særeigne søylehuset» i Prestalio i Skånevik. Den arkitektteikna bustaden har hausta mykje merksemd. No har Haugesund-arkitekten Roald Bø i firmaet Holon på ny fått lov til å la kreativiteten blomstre i Prestalio.
Dei tre komande husa skal rett nok ikkje stå på søyler, og dei blir ikkje like store som Nedreskår sitt, men uttrykket blir nokså likt.
— Målet er å lage eit heilskapleg uttrykk i denne delen av lia, seier Nedreskår.