Trampoline er kjekt for dei som hoppar, men er ei av dei mange kjeldene til nabokonfliktar blant nordmenn. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Trampoline er kjekt for dei som hoppar, men er ei av dei mange kjeldene til nabokonfliktar blant nordmenn.

Nordmenn har fleire nabokranglarI

Publisert Sist oppdatert
NPK: Konfliktrådleiar melder om fleire nabokranglar. Ho fortel at det frå utsida kan sjå ut som bagatellar, men at det går på helsa laus for dei det gjeld.

— Typiske saker er tre som heng over nabotomta, lauv som fell ned i hagen til naboen eller at trea skuggar for sola, seier leiar av konfliktrådet i Nordland, Mona Hammerfjeld, til NRK.

Konfliktrådet behandla over 200 fleire nærmiljøsaker i 2020, samanlikna med 2019, skriv kanalen. Det er spesielt om sommaren konfliktane blir synlege, da folk kjem ut. Andre ting folk kranglar om, er feststøy, trampolinestøy, røyking på balkongen, grillos som kjem over på tomta til naboen, parkering og krangling om at søppeldunkane blir plasserte feil.

I 2020 vart nabokonfliktar ein eigen kategori hos konfliktrådet, og i fjor behandla konfliktråda i Noreg 887 nærmiljøkonfliktar. Mange melder først naboen til politiet, før saka hamnar hos konfliktrådet.

Både Hammerfjeld og Hans Nordahl, professor i åtferdsmedisin på NTNU, meiner nordmenn blir oftare krenkte enn i andre europeiske land.

— Det handlar om kultur. I Noreg lever vi i byar og landsbyar med store areal, og vi eig ofte hus og eigedom. Om vi ser ut i Europa, bur dei fleste tettare og har høgare toleranse for nærskapen», seier Nordahl til NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS