Faksimile Grannar 17. juni 2021
Faksimile Grannar 17. juni 2021

Debatt

Ta vare på valfridomen for familiane!

Det er igjen debatt om kor mange dagar dei yngste elevane våre skal gå på skulen. Eg har mista nattesøvnen i fleire veker nå, og treng å uttrykkja meg i eit lesarinnlegg.

Eg er lærar og mor til ein 1. og ein 3.klassing. Eg får vondt av å tenkja på at eg skal mista dagar i lag med borna mine, fordi at nokon meiner at dei lærer meir dei to første timane om onsdagen. Det er inga forsking som viser meir læring i ei 5-dagars veke i høve ei 4-dagars veke! Me har elevar som er skuleleie og mindre motiverte når dei blir ungdom, og å vera fleire dagar på skulen på barnetrinnet er ikkje vegen å gå meiner eg.

Mitt hovudargument for å halda fram slik me gjer i dag, er valfridomen. Dei som treng eller ønskjer å jobba fullt, har eit godt tilbod om onsdagen på SFO. Om det er dette tilbodet som ikkje er godt nok, så må me snakka varmt om det, og ikkje gjere det til noko negativt å gå på SFO! Dei som ønskjer å vera med borna om onsdagen kan gjere det. Fridagen nyttar me i vår familie til Tripp-trapp, besøk, turar, leik, lekser, lesing og sjølvsagt har me dagar der me gjer ingenting. Eg vil få fram at det er ikkje berre på skulen elevane lærer. Skulen skal hjelpe heimane med opplæringa, og me foreldre har også eit stort ansvar. Om det er for lite lesing ein er redd for, ja så kan me foreldre bidra ved å lese med og for borna på ein onsdag, men også andre dagar!

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS