Testar verdsnyheit i Etneelva
Etneelva får ei viktig rolle i eit prosjekt som tar mål av seg til å bidra med å redusere mengda plast i verdshava. Til hausten skal ein såkalla elvereinsar testast ut her.
Har du sett bileta av det gigantiske flaket med plast som flyt i Stillehavet? Det som er like stort som Frankrike og Spania sitt landeareal til saman? Det var dette flaket som danna grunnlaget for stiftinga av den norske organisasjon rivers.global for snart tre år sidan, med den utflytta bømlingen Martin Alvsvåg i spissen, som både grunnleggar og styreleiar.
Sist veke var ein milestolpe for organisasjonen som no tel over 300 medlemmar. Då vart ein prototype av deira konsept The River Cleaner, eller elvereinsaren om du vil, sveisa saman hos verksemda Scale Aquaculture på Bømlo.
Tenkte først på skip