Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Stødle kyrkje i Etne. ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Stødle kyrkje i Etne.

Får pengar til brannsikring av kyrkja

Publisert Sist oppdatert

Som eit ledd i regjeringa sin innsats for å få Noreg ut av koronakrisa, har Stortinget i 2021 gitt ei ekstraløyving på 59,3 millionar kroner over Barne- og familiedepartementet (BFD) sitt budsjett for å ta vare på kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Som i tidlegare utlysingar har departementet bede Riksantikvaren om å forvalta midlane.

— Kyrkjene er viktige kulturminne og fellesskapsbygninger som mange har eit nært forhold til. Midlane vil gi mange kyrkjer eit skikkeleg løft i arbeidet med vedlikehald og istandsetjing. Særleg viktig er det at ein nå prioriterer dei mange middelalderkyrkjene, seier riksantikvar Hanna Geiran, i ei pressemelding.

Heile 328 tilskot er fordelt til 213 kyrkjer sidan hausten 2019. Det er gjennomført fem utlysingar med midlar frå Barne- og familiedepartementet (BFD) til sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjer. Midlane har gått til brannsikring og istandsetting.

Powered by Labrador CMS