Havforskarar er ute heile året, men på sommarstid finst det eit ferierande arsenal av nysgjerrigperar i strandsona. Havfunn.no er ein portal der ein kan registrere eigne funn eller fangst frå sjø og fjøre.
Foto: Jon Edvardsen
Havforskinga ber folk følgje med på artane i fjøra i sommar
Havforskarar er ute heile året, men på sommarstid finst det eit ferierande arsenal av nysgjerrigperar i strandsona. Havfunn.no er ein portal der ein kan registrere eigne funn eller fangst frå sjø og fjøre.
Det skriv Havforskingsinstituttet på nettsidene sine.
Prosjektet Dugnad for Havet» er eit initiativ frå Havforskingsinstituttet som gir privatpersonar moglegheit til å melde inn eigne observasjonar til ein database over liv og artsmangfald i havet. Prosjektet har fått ein stor tilhengjarskare blant folk på noregsferie.
Blant artane som blir melde inn skil blant anna mulle og blåmanet seg ut. Generelt gjer eit varmare klima at fleire artar vankar lengre nord. Men det er blåmaneta som sprengjer alle rekordar for kva som blir meldt inn – han har vorte eit nytt tilskot til badeplassen for mange.