Kos på nyrenovert leikeplass
Etter ei grundig oppgradering er leikeplassen på Kambe i Etne blitt eit populær samlingsstad for store og små. Søskenparet Malene (10) og Alexander (8) Fosso Moe frå Etne stikk innom så ofte dei kan.
— Me er her ganske ofte, nesten kvar dag. Det er blitt veldig fint her etter at me har fått nye leikeapparat, seier Malene og Alexander Fosso Moe og set seg godt til rette på det nye vippestativet som er eitt av mange leikeapparat på plassen midt i byggefeltet på Kambe.
— Zip-line og basketball er kjekkast, men me brukar også vippestativet mykje, seier dei.
Søskenparet bur berre eit lite steinkast unna leikeplassen og stikk innom rett som der er.