Slik såg det ut ved parkeringsplassen, då Arne Jordal passerte.
FOTO: Arne Jordal
Sjenerande søppel på parkeringsplass
Manglande kjeldesortering er årsaka til problemet, meiner HIM.
Onsdag denne veka køyrde Arne Jordal frå Odda til Haugesund. Då han kasta eit blikk på plassen der du parkerer når du skal over til Eikemo i Åkrafjorden, blei han lite imponert.
— Eg køyrde forbi i 12-tida, og tenkte eg måtte ta eit bilete dersom det framleis såg like ille ut, på returen, fortel Jordal.
Han seier at parkeringsplassen har vore overfyllt av søppel tidlegare også, men at det på onsdag var ekstra ille.