Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Slutt på kokevarsel på Kambe
Etter funn av e-coli i Kambe vassverk onsdag formiddag måtte innbyggjarane på Kambefeltet som får vatn frå vassverket koke vatnet sitt. Fredag blei omsider kokevarselet heva.
Rett før 13.30 sendte Etne kommune ut melding til dei råka:
— Kokevarselet er nå opphørt da drikkevannet er friskmeldt etter vannprøve. Det kan fortsatt forekomme både lukt og smak av klor etter tiltaket som vart satt igang.»