Frp-leiar Sylvi Listhaug besøkte den private Småfolk barnehage i Etne tysdag. Ho forstår at dagleg leiar og medeigar Anette Laurareid Hovda (bak) er uroa over forslaga til framtidig finansiering av barnehagesektoren.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Uroa Småfolk-eigarar fekk støtte frå Frp-leiaren
Eigarane av den einaste private barnehagen i Etne kommune, Småfolk, fryktar for framtida om kommunen, og ikkje Staten, skal få bestemme kor mykje støtte dei skal få til drifta. Tysdag fekk dei støtte av Frp-leiar Sylvi Listhaug.
For to veker sidan la eit utval oppnemnd av regjeringa, og leia av Knut Storberget, fram forslag om endringar i reglane for finansiering og regulering av private barnehagar. Innhaldet i rapporten, som kort forklart vil overføre meir makt frå staten til kvar enkelt kommune, uroar eigarane av Småfolk barnehage.
— Me har frå før erfaring med å bli motarbeidd av Etne kommune, seier dagleg leiar Anette Lauareid Hovda.
Har ledig kapasitet