André Klippenberg Grindheim blei nummer 35 i forsøksheatet på 100 meter bryst under OL i Tokyo i 2021. I NM tok han to gull på seniornivå. Nå engasjerer han seg for symjeopplæringa i Etne.
Arkivfoto: Øyvind Røsland
Starta symjekarriera i Etne – laurdag vart han tatt ut til OL
Symjetalentet André Klippenberg Grindheim (21) er tatt ut til den norske troppen til Tokyo-OL. Han starta karriera si i Etne.
21-åringen, som no bur og trenar på Hamar, trudde OL-toget gjekk då han akkurat ikkje klarte OL-kravet i siste forsøk forleden. Då tangerte han sin personlege rekord med tida 1.00,23.
Men målet om å klare OL-kravet på 59,93 brast, med ein berre på berre tre ti-delar. Då trudde både han og trenaren at OL-toget gjekk, mellom anna fordi færre utøvarar enn normalt deltek i OL i år grunna koronapandemien.
Men så, laurdag morgon kom beskjeden som snudde alt på hovudet. Då kom lista over det tredje OL-uttaket, og blant dei 45 namna var André Klippenberg Grindheim.