Turid Strømfors er kanskje mest kjent for at ho er finalist i Miss Norway 2021. Ho har også ein bachelor i tekstil, og i slutten av juli kjem ho til Etne for å hjelpe til på sykurs. Pressefoto
Turid Strømfors er kanskje mest kjent for at ho er finalist i Miss Norway 2021. Ho har også ein bachelor i tekstil, og i slutten av juli kjem ho til Etne for å hjelpe til på sykurs. Pressefoto

Sy din eigen bøttehatt eller strandbag

Du kan få hjelp av både Miss Norway-finalist, Turid Strømfors, og barnebibliotekar Ingeborg Sørheim, som tidlegare har jobba som klededesignar.

Publisert Sist oppdatert

Open fritid» inviterer til sykurs på Etne bibliotek fredag 30. juli. Her er det berre å melde seg på dersom du er mellom 10 og 18 år. Du kan velje mellom å sy din eigen, kule bøttehatt, eller å sy ein fin strandbag til badeturen.

Ulike nivå

Begge oppgåvene skal eigne seg bra for nybyrjarar, men har du sydd litt frå før, kan du få tilleggsutfordringar. Haugalandet sin Miss Norway-finalist, Turid Strømfors, har bachelor i tekstil. Det siste året har ho dessutan utdanna seg ved School of Fashion Industry i Oslo. Ho kjem som frivillig via Etne frivilligsentral til Etne, for å inspirere og hjelpe barn og unge til å lære og sy. Og visste du at barnebibliotekar Ingeborg Sørheim tidlegare har jobba som klesdesignar og har hatt eigen butikk i Bergen? Ho blir også med og hjelper til på kurset.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS