Landøyda er giftig for dyr.
Foto: Arne Lyshol, Statsforvaltaren
Vil fjerne denne farlege planten
Landøyda er potensielt dødeleg for storfe og hest, og bør fjernast frå beitelandskapet. No blir det jobba for å få den vekk.
Nå i august er det lett å legge merke til landøyda der ho står i blom. Landøyda spreier seg lett med frø, og kvar plante kan spreie over 2000 frø. Tida er inne for å fjerne planten som er lett å luke. Jordbruksnæringa i Rogaland har gått saman om ein felles handlingsplan for neddkjemping av landøyda, og sist veke reiste ein gjeng frå landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren ut for å luke planten.
Giftig
Landøyda endrar smak når ho tørkar, men giftstoffa forsvinn ikkje. Difor er det viktig å fjerne planten etter behandling slik at den ikkje blir spist av beitedyr. Spesielt hest og storfe er følsame for giftstoffa i landøyda. I følgje Veterinærinstituttet gir landøyda leverskader som utviklar seg seint etter inntak av store mengder av planten. Dyra blir avmagra og får illeluktande mørk diare. Kjemisk nedkjemping kan gjerast når planten har utvikla store rosettar i juni, men når planten er i blomstring, er det for seint å sprøyte. Då må den fjernast manuelt.