Full klaff for årets slått
Passe med regn, rikeleg med finvêr og ein kjøleg vår har ført til rike grasavlingar av god kvalitet for bonde Kjell Vidar Øglænd frå Ølen og resten av bøndene i Etne og Vindafjord denne sesongen.
Andreslåtten er godt i gang for mange bønder i Etne og Vindafjord, og mange har alt fått graset i hus. Bonde Kjell Vidar Øglænd i Ølen har rundt 200 mål til saman å slå heime på garden opp mot Fikse og på jord han paktar. I år var han i rute med første slåttonn, men andreslåtten har han sett litt på vent for å få tid til ein liten avbrekk i den travle kvardagen.
— Førsteslåtten tok eg som normalt 7. juli. Nå skulle eg ha slått for ei veke sidan, men me har hatt ferie, seier Øglænd som kasta seg over andreslåtten sist laurdag.
Finvêret har gjort det mogleg å køyra ut på bøen utan problem, og med stabile vêrmeldingar i sikte har det det ikkje vore nødvendig å stressa for å få graset raskast mogeleg plassert mellom plastlaga.