Audun Stene ved Hotel Fugl Fønix i Etne har tru på ein travel sommar. Arkivfoto
10 Kjappe
Trivst på kreativ arbeidsplass
Audun Stene (45) har vore på eigarsida av Fugl Fønix sidan oppstarten i 1999, og dei siste 15 åra som dagleg leiar. Han meiner han har ein kreativ og utfordrande arbeidsplass, og det gler han.
Ølensbuen som blei etnebu har vore med i Fugl Fønix sidan den spede start. Både på eigarsida, og som restaurantsjef i starten. I 2006 tok han over som hotelldirektør, og opplever arbeidsplassen sin som kreativ med utfordrande arbeidsoppgåver.
— Ein plass der ein får visa litt personlegdom, og får høve til å bruka av seg sjølv for å utvikla bedrifta. Pandemien har gjerne råka Fugl Fønix mildare enn mange andre i perioden, men Stene har likevel måtte permittera folk. Det har vore det kjipaste, seier han.
No håpar han det ikkje er lenge igjen før Fugl Fønix igjen kan legga til rette for større arrangement.