Fleirtalet glepp for draumeregjeringa til Ap-leiar Jonas Gahr Støre med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken, viser ein ny Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Fleirtalet glepp for draumeregjeringa til Ap-leiar Jonas Gahr Støre med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken, viser ein ny

Ingen raudgrøn regjeringsfleirtal i ny måling

Arbeidarpartiet løftar seg, medan fallet til Senterpartiet blir stadfesta i ei ny meiningsmåling. Også SV fell, og dermed ryk fleirtalet for dei tre partia.

Ifølgje målinga som Respons har gjort for VG og Bergens Tidende, får regjeringsalternativet Ap, Sp og SV, til saman 82 mandat – tre mandat unna eit fleirtal. Dermed vil dei trengje støtte frå Raudt eller MDG.

I målinga får Ap 26,6 prosent. Det er ein framgang på 1,7 prosentpoeng frå førre måling, men framleis litt under 2017-valet, der Ap enda på 27,4 prosent.

— Vi styrkjer posisjonen vår. Det er inspirerande, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB.

Stadfestar Sp-fall

Senterpartiet får ei oppslutning på 11,9 prosent, ein framgang på 0,6 prosentpoeng frå VG/BTs måling for ei veke sidan. Men målinga tyder samtidig på at Sp har stabilisert seg på eit nivå langt under det dei vart målte til for berre nokre månader sidan.

I mai var Ap og Sp nærast jamstore. No skil det nesten 15 prosentpoeng mellom dei to partia.

I ei måling for TV 2 onsdag vart Sp målt til 11,2 prosent.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum held likevel motet oppe.

— Senterpartiet er utfordraren i dette valet. Vi veit at vi har eit større potensial enn det denne målinga seier, slår han fast frå ein stand i Namsos.

Ei lokal partimåling i VG onsdag viser at Sp har falle kraftig i Nord-Trøndelag.

Jobbar for fleirtal

SV fell på si side med 2,8 prosentpoeng frå førre måling til 6,7 prosent og mister» fem mandat.

Dermed er målinga den tredje på ei vekes tid der draumeregjeringa til Støre ikkje har fleirtal. I to andre målingar får dei eit svært knapt fleirtal med 86 mandat.

gjennomsnittsmåling til Pooll of polls for august har likevel den raudgrøne trioen framleis fleirtal med 88 mandat. På snittmålinga får Ap 24 prosent (45 mandat), Sp 14,5 prosent (28 mandat) og SV 8,7 prosent (15 mandat).

Støre ville torsdag ikkje svare på korleis han vil manøvrere i Stortinget dersom fleirtalet for ei trepartiregjering skulle ryke.

— Det er klokt å arbeide for det vi meiner er det beste resultatet, ei Ap-leidd regjering med SV og Senterpartiet. Det er det vi jobbar for dei 18 dagane som er igjen av valkampen, seier Støre.

MDG jublar

Både Raudt og MDG held fram frammarsjen til høvesvis 5,3 og 6,7 prosent.

— Vi er veldig glade for slike målingar. Dette er eit klimaval, slår Lan Marie Berg i MDG fast overfor NTB.

— Korleis har de tenkt å bruke makta posisjonen på vippen gir dykk?

– Det viktigaste er at vi ikkje kan støtte ei regjering som opnar for meir leiting etter olje og gass, seier Berg, som avviser å støtte eit raudgrønt budsjett som ikkje går inn for dette.

— Vi kan ikkje vere med på å grønvaske ei regjering, seier ho.

Ingen under sperregrensa

Samtidig klatrar både Venstre og KrF over sperregrensa i målinga og får høvesvis 4,5 og 4,4 prosent. Ingen av dei etablerte partia hamnar under sperregrensa i målinga.

Frp fell på si side med 2,2 prosentpoeng til 9,4 prosent samanlikna med førre måling. Samanlikna med 2017-valet er fallet på heile 5,8 prosentpoeng.

Høgre går på si side fram 0,8 prosentpoeng til 21,1 prosent samanlikna med førre måling, men fell 3,9 prosentpoeng frå førre stortingsval.

1.001 personar har delteke i målinga. Feilmarginen er på mellom 1,3 og 2,7 prosentpoeng.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS