Illustrasjonsfoto
FOTO: BENJAMIN A. WARD / NAF
NAF: Ekstremvêr truar tryggleiken på vegane
Nye tal frå NAF viser at vedlikehald av vegane er mykje viktigare for folk enn å bygga nytt.
— Auka nedbør og ekstremvêr gjer behovet enda meir akutt. Politikarane må snu brøken og prioritera vedlikehald mykje høgare, seier Ingunn Handagard, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF, Norges Automobil-Forbund
Medan fleirtalet av folk vil prioritera vedlikehald, blir berre éi av av fem kroner som går til veg, brukte på vegar me allereie har.
I NAF sitt Trafikantbarometer for 2021 svarer litt over halvparten, 51 prosent, at politikarane bør prioritera vedlikehald av vegar. Under ein tredel, 31 prosent, meiner at dei bør prioritera å bygga nye vegar. Meir enn 4000 personar er spurt.