14. august er det bryllaup på Trolltunga. Arkivfoto: Tore Meek / NTB / NPK
Enkelte plassar på Vestlandet har dei siste åra opplevd ein kraftig auke i talet på turistar. Korleis ein skal møta veksten i reiselivet og sikra ei berekraftig utviling blir eit sentralt spørsmål på Vestlandstreffet. Her selfie-turistar som strøymer til Trolltunga i Hardanger.

Seks par klare for historisk bryllaup på Trolltunga

14. august er det klart for det første bryllaupet i historia på Trolltunga. Fram til no har seks par meldt seg på vigslinga. Men det ope for fleire par å melde seg på fram til 11. august så framt dei har prøvingsattesten i orden.

– Vi gler oss. Det er kjekt å kunne gjere noko som er litt uvanleg. Desse para er dei første som får lov, så sjølv om det kan bli ei årleg hending, blir det mest spesielt for dei som får lov første gongen, seier Inger Eitrheim Johansen, sakshandsamar i Ullensvang kommune til Nynorsk pressekontor.

Johansen koordinerer den kommande bryllaupsdagen på Trolltunga 14. august. Det er første gong i historia at det blir vigsel på den populære turdestinasjonen, og det er ordførar Roald Aga Haug som skal vigsle para denne gongen. Fram til no har to svenske eitt dansk og tre norske par meldt seg på vigslinga.

Trolltunga har lenge vore eit ynda mål både for frieri og for bryllaupsbilde, og det har vore eit ønske frå folk å få lov å gifte seg der. At covid-smitten går opp og ned gjer den kommande vigselen litt meir uføreseieleg, men arrangøren håpar at dei som ønsker, får til å komme som planlagd.

– Og så håpar vi at det blir fin ein dag. Det har jo vore ein fantastisk sommar i distriktet med nesten berre sol. Det blir spennande og kjekt og vi trur nok det blir litt tilskodarar som vil komme berre for å få med seg hendinga. Det blir nok mykje folk i området, trur Johansen.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS