Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff utanfor Stortinget under ei markering fra Bondeorganisasjonane i samband med jordbruksoppgjeret i år. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff utanfor Stortinget under ei markering fra Bondeorganisasjonane i samband med jordbruksoppgjeret i år.

Tilleggsforhandlingar om gjødsel og bygningsmateriale

NPK-NTB: Regjeringa har sagt seg villig til å forhandle om kompensasjon for auka prisar på handelsgjødsel og bygningsmateriale for bøndene.

Det opplyser Norsk Bonde- og Småbrukarlag i ei pressemelding.

Saman med Norges Bondelag hadde dei fremja krav om at også auka prisar i kraftfôr-marknaden og auka prisar for elektrisk kraft skulle inngå i forhandlingane. Her vart dei berre delvis møtte.

Det vart fredag send omforeint oppdrag frå partane til Budsjettnemnda for jordbruket for å få gjennomført nye vurderingar for handelsgjødsel og bygningsmateriale.

– Vi synest det er positivt at Statens forhandlingsleiar viser vilje til å kompensere for den ekstreme prisoppgangen på handelsgjødsel og bygningsmateriale, seier leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Ho er likevel skuffa over at dei ikkje vil diskutere straum og fôr.

– Prisoppgangen på straum har vore endå meir eksepsjonell så langt i 2021 og vi meiner òg at prisutviklinga på dei internasjonale marknadene for råvarer til kraftfôrindustrien vil medføre betydelege kostnadsaukar for norske jordbrukarar framover, seier Hoff.

– Dette er kostnadsaukar som det ikkje er tekne høgd for i grunnlagsmaterialet og som derfor vil slå negativt ut på ein allereie svært pressa økonomi i norsk jordbruk. Vi er derfor skuffa over at staten ikkje ønskjer at Budsjettnemnda skal gjere nye prognosar for desse to viktige kostnadsfaktorane, legg ho til.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS