Kristoffer Grønstad med tidleg nettkjenning mot Haugar. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Kristoffer Grønstad med tidleg nettkjenning mot Haugar.
Erling Bjarte Rullestad la ned mange meter i kampen mot Haugar. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Erling Bjarte Rullestad la ned mange meter i kampen mot Haugar.
Tøres Rullestad står klar til å legge eit frispark. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Tøres Rullestad står klar til å legge eit frispark.
Kveldens kaptein Oskar Kringlebotten var frampå og sette inn 2-0 etter hjørnespark. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Kveldens kaptein Oskar Kringlebotten var frampå og sette inn 2-0 etter hjørnespark.

Attende på vinnarsporet

Etter stortapet mot Avaldsnes i førre runde, var Etne i aksjon mot eit anna topplag heime torsdag kveld. Haugar var motstandar, og publikum hadde ikkje ein gong funne plassane sine før Kristoffer Grønstad var frampå og sette inn 1-0. Dette stod seg inn til pause, i ein omgang der heimelaget hadde god kontroll, og kunne auka leiinga sjølv.

Åtte minutt ut i den andre omgangen dobla Etne leiinga. Det var midtstoppar og kaptein Oskar Kringlebotten som nikka inn eit hjørnespark frå venstre. 3-0 kom òg etter corner, og den var det Sigbjørn Sævereid som fekk tuppa inn. Heilt på slutten fekk innbyttar Sindre Kringlebotten æra av å skåre det siste målet etter ei fin avslutning. Alt i alt ein overlegen siger til Etne, med solide prestasjonar over heile bana. Nord leiar tabellen med full pott etter fem kampar, medan Etne ligg på tredje plass med ni poeng på fire kampar. Nå går det to veker til laget igjen er i aksjon i 5. divisjon, då med borteoppgjer mot Hemmingstad. Før det vert det cupmøte med naborival Vats/Skjoldar i Vats måndag 4. oktober.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS