— Det er ikkje heilt umogleg at dei vinn, men det skal veldig mykje flaks til. Så eg vil seie det er svært lite sannsynleg, seier han til NTB.
Dei fire partia får ei oppslutning på til saman 39,9 prosent på Poll of polls» gjennomsnittsmåling for september.
Manglar framleis fleirtal
Ein gjennomgang av bakgrunnstala viser at partia på venstresida no hentar færre veljarar frå den borgarlege blokka enn tidlegare – frå 176.000 i juni til 149.000 i den siste veka av valkampen.
Det har særleg vore Senterpartiet som har forsynt seg av tidlegare Høgre- og Frp-veljarar. Men det endra seg som kjent under Arendalsveka i midten av august, då Sp for første gong fekk eit kraftig fall på målingane.
Sidan då har òg den raudgrøne trioen Ap, Sp og SV slite med å halde på fleirtalet. På snittmålinga for september får dei tre partia til saman 45,7 prosent av stemmene, noko som vil gi 82 stortingsmandat. Dermed manglar dei framleis tre mandat på å ha fleirtal.
Håpar på glipp
Det betyr at anten Raudt eller MDG kjem på vippen, vel å merke om dei kjem over sperregrensa på 4 prosent og dermed har krav på sin del av utjamningsmandata.
På snittmålinga ligg dei to på høvesvis 5,1 og 5 prosent. Blir det valresultatet, vil begge kunne auke representasjonen sin på Stortinget dramatisk.
Det er nettopp moglegheita for at dei to partia skal gleppe på sperregrensa som Erna Solberg (H) knyter sitt håp om ein tredje valsiger til. Det viser ei talutrekning som no sirkulerer i Høgre, ifølgje NRK.
Utrekninga vart først presentert i VG søndag.
Reknestykket baserer seg på ein tilbakegang for dei raudgrøne i den siste veka før valet på til saman 2,3 prosentpoeng målte mot septembermålinga.
Samtidig må både Høgre og Frp gå markant fram, medan både Venstre og KrF må forsere sperregrensa.
Lang veg
Men ifølgje Poll of polls må både avstanden mellom partia og blokkovergangen blant veljarane søkke kraftig dersom draumen til dei borgarlege skal bli røyndom.
Talknusarane der viser til at Arbeidarpartiet er rundt 3 prosentpoeng større enn Høgre, og at avstanden er større no enn i 2017.
Høgre har òg hatt ein større tilbakegang enn Ap sidan juni med 1,3 mot 1,2 prosentpoeng.
Samtidig har fleire av småpartia som tradisjonelt har vakt rundt sperregrensa – Venstre, KrF og MDG – hatt god framgang sidan juni.
I tillegg har Raudt i lengre tid lege godt over.
Historisk
Dersom valresultatet blir i tråd med septembersnittet, vil det vere historisk. Det har aldri før skjedd at ni parti har komme over sperregrensa, skriv Poll of polls i sin siste analyse.
Det kan òg få konsekvensar for eit eventuelt raudgrønt regjeringsfleirtal.
– Jo fleire parti som passerer sperregrensa, jo høgare stemmedel krevst for ei blokk av parti som ønskjer å danne ei fleirtalsregjering, skriv Poll of polls-analytikar Gabriel Steinsbekk.