Farevarsla har strekt seg over heile Noreg, frå nord til sør – med varsel om vindkast på opp mot 35 meter i sekundet enkelte stader.
— Det er årets første hauststorm som ligg ute i Norskehavet, seier statsmeteorolog Martin Granerød til NTB.
Vêret vil roe seg fleire stader i løpet av onsdag, men det betyr ikkje at vinden gir seg med det første. For torsdag har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel for vind for heile Hordaland, Rogaland og Agder.
Fest lause gjenstandar og ver førebudd på kraftig vind, skriv Meteorologene på Twitter.
— Med all denne vinden er det greitt å vere førebudd på at det kan blåse raskt opp ute på kysten, og det er viktig at ein sjekkar vêrmeldinga. Dette gjeld òg oppe i fjellet, seier Granerød.
Klam fredag i vest
Onsdag var den kraftigaste vinden i dei nordlege delane av landet, medan det er i sør vi finn den kraftigaste vinden torsdag. Så vil vinden roe seg noko – men regnet gir seg ikkje før helga.
— Fredag ser det ut til at eit nytt lågtrykk vil prege vêret på Vestlandet, med lange periodar med regn. Det blir liten til stiv kuling, kanskje sterk kuling i nærleiken av Stad, seier Granerød.
Sjølv om temperaturane på Vestlandet kan komme opp mot 14 grader, blir det ein våt vêrtype.
— Det blir ein klam fredag, ifølgje meteorologen.
Vestlandet må ta støyten
Granerød seier at det er Vestlandet som må ta støyten når vêret kjem inn frå havet, medan det austanfjelske ligg i le.
— Det blir nok delvis skya og periodar med sol, og temperaturane kan krype opp mot 16 grader, seier meteorologen om vêret på Austlandet fram mot helga.
Skulle det mot formodning komme nedbør på Austlandet, er det mest sannsynleg at det blir torsdag.
— Men det blir i så fall ikkje mykje, seier Granerød.
Forholdsvis mildt i nord
Nord-Noreg gjer unna det verste vêret onsdag. Noko nedbør må ein rett nok rekne med torsdag, men vinden er minkande. Fredag er det venta noko av det same – med spreidd nedbør i indre strøk, medan det i kystnære område blir mindre eller lite nedbør.
Temperaturane blir prega av at det er sønnavind, noko som gjer at det blir forholdsvis mildt.
— Det kjem nok til å liggje på 12–13 grader torsdag og ned mot 7–9 grader fredag, seier meteorologen.
Helgevêret
Austlandet er vêrvinnaren når vi kjem til helga. Her kan ein sjå fram mot 17–18 grader både laurdag og søndag.
— Med dagens prognose ser helga veldig bra ut, men det skal ikkje mykje endringar til i lågtrykka før det blir endringar i vêret, seier meteorologen.
På Vestlandet kan det framleis gå nokre regnbøyer laurdag, men det blir meir skiftande skydekke. Søndag er det venta delvis skydekke og 15–16 grader.
I Midt-Noreg går ein mot ein laurdag prega av bøyeaktivitet, medan det ser noko betre ut søndag. Temperaturane vil liggje eit par grader under det dei har på Vestlandet.
Nord-Noreg får ei skya helg og periodar med regn. Temperaturane vil halde seg mellom 7 og 9 plussgrader.
Svalbard
Sist ut er Svalbard, der lågtrykksaktivitet i Norskehavet vil prege vêret.
— Det er ganske mildt. Det kjem til å vere plussgrader heilt fram til søndag, kanskje måndag. Då snakkar vi fire til seks plussgrader, og det kjem til å vere mykje skya vêr, seier Granerød.
Det kan bli lettare vêr av og til, men det ligg an til kraftig vind fredag.
— Då snakkar vi stiv til sterk kuling utsette stader, frå søraustleg retning.