Astrid Weider Ellefsen er nybakt noregsmeister innan fuglehundsporten. Ho har fire hundar i hus og planlegg to til om kort tid. Hobbyen har blitt fulltidsstilling for 40-åringen i Ølensvåg.
Foto: Privat
10 Kjappe
Landets beste med fuglehund
Astrid Weider Ellefsen er fersk noregsmeister innan fuglehundsporten, og for 40-åringen i Ølensvåg er dette ganske uverkeleg og fantastisk.
Fuglehundsporten er ifølgje noregsmeisteren dominert av godt vaksen menn med lang erfaring, og sjølv om vågsbuen hadde ein draum om å kapra tittelen ein gong i framtida, hadde ho aldri trudd at det skulle skje allereie no.
Astrid Weider Ellefsen har drive med fuglehundar sidan 2006, og gradvis har ho brukt meir og meir tid på det. No har hobbyen blitt jobb og tar store deler av både kvardagane og helgene hennar. I dag har ho fire hundar i hus, og planen er å auka talet med to til i løpet av neste år.
40-åringen tar i mot kundar frå heile landet som kjem for å vera med på kurs og trening, og frå i år av er desse treningane og kursa einaste inntektskjelde for henne. Samspelet med hunden og den gjensidige respekten gir Astrid enorm glede.