Den nye stortingsgruppa til Senterpartiet med 28 representantar var måndag samla i Stortinget. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Den nye stortingsgruppa til Senterpartiet med 28 representantar var måndag samla i Stortinget.

Jubel for første dag på Tinget

NPK-NTB: Det var kakeeting og stor applaus då Senterpartiet måndag samla den nye gruppa si til møte på Stortinget.

— Det er ein stor dag, sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum til pressa på veg inn til gruppemøtet.

Senterpartiet vann 28 mandat i valet førre måndag, blant desse Lisa Marie Ness Klungland (27) frå Ølen. Det er ein auke frå 10 mandat etter valet for åtte år sidan og 19 etter valet for fire år sidan.

Inne på møtet vart Vedum møtt med langvarig applaus.

— Det er ei enorm reise vi har vore saman om. Og eg veit kor hardt arbeid det har vore, sa han.

Powered by Labrador CMS