Her kan ein skimte ein postbil på sin daglege tur på Atlanterhavsvegen. Foto: National Geographic
Her kan ein skimte ein postbil på sin daglege tur på Atlanterhavsvegen.

Millionar av sjåarar får sjå Noreg frå lufta

NPK-NTB: National Geographics dokumentar der Noreg er filma frå lufta skal ut til heile verda.

Norge fra oven» blir sendt på tv-kanalen National Geographic på kveldstid søndag 19. september. Programmet, som er på 60 minutt, inngår i dokumentarserien Europa fra oven», som denne sesongen òg byr på episodar frå Island, Irland, Sveits, Portugal og Kroatia.

I noregsepisoden blir vi med til Trollstigen, til Flåm og til Suldal i Rogaland. Vi skal òg til Vemork og Heddal i Telemark, til Atlanterhavsvegen og det blir òg ein svipptur innom Oslo – og dessutan til Innset i Troms og Finnmark. Ei stavkyrkje og hundesledekøyring er blant høgdepunkta.

Dei fleste opptaka er gjort av eit team på to fotografar og dronepilotar.

— Målet var å finne både det som overraska og det ein kunne kjenne seg igjen i, og som også inneheldt personlege og menneskelege historier, seier produsent Mark Bridge via pressemeldinga. Han legg til:

— Noreg er eit veldig vakkert og spennande land, og endå meir utruleg frå lufta. Sidan publikummet både er nordmenn og sjåarar frå heile verda, vil noko vere kjent for nokon, medan andre innslag vil vere heilt nye, også for norske sjåarar. (NPK)

Powered by Labrador CMS