— Statnett er flinke til å vise bilde der mastene er langt borte og små i bildet. Her er mastene sett inn på eit bilde frå Etnefjellet slik det blir på vanlege bilde ein knippsar på tur i skog og fjell. Det som ikkje kjem fram her er den 40 meter breie mastetraseen, skriv innsendarane. Foto: Espen Mills.

Debatt

Nei til monstermaster frå Blåfalli til Gismarvik

Me er ei gruppe, som med stor støtte frå folket, arbeider for at ny kraftoverføring frå Blåfalli i Kvinnherad til Gismarvik skal førast mest mogleg i sjø og jordkabel.

Det er viktig å presisere at me ikkje er imot at Gismarvik og Haugaland næringspark skal få kraft frå Blåfalli.

Haugaland næringspark er ifølge dagleg leiar Tiril Fjeld Noregs største næringspark. Dei satsar stort på den nyaste teknologien innan fornybar energi. Det grøne skiftet står i fokus. Dei er klare for nye grøne arbeidsplassar, seier Fjeld (Haugesunds Avis, 09.08.21). Det undrar oss at Noregs største næringspark, som er så framtidsretta og grøn, ikkje tenker miljø når det kjem til transport av energien frå Blåfalli.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS