Endre Olsen frå Stord får Olav H. Hauge-stipendet.
Foto: Anne Lillebø Gjerstad
Olav H. Hauge-stipendet til Endre Olsen
– Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel, sa juryleiar Brit Bildøen under utdelinga.
Olav H. Hauge-stipendet går til ein ung norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar som har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. Haugesenteret deler ut stipendet kvart anna år under opninga av poesifestivalen i Ulvik.
– Stipendet er oppretta for å framheve dei nye og særprega poetane som held det lyriske språket levande og aktuelt. Songpoeten Endre Olsen er ein framifrå tekstforfattar og ein verdig vinnar av Olav H. Hauge-stipendet, seier Geir S. Netland, leiar ved Haugesenteret.