Ingeborg Margrete Johansen og hunden Link er bestevenner og busett i Stordalen i Etne. Hadde dei budd i Vindafjord hadde dei hatt enklere veg til smådyrvakt grunna eit politisk vedtak i Etne om å ikkje vere med på eit regionalt smådyrvakt-samarbeid på Haugalandet.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bjeffa så høgt at politikarane snur
4,5 år gamle Link utgjer saman med matmor Ingeborg Margrete Johansen ein av få lokale ekvipasjar i den frivillige organisasjonen Norske Redningshunder. Dei bur på Rame i Stordalen, og er ein del av det frivillige apparatet som blir rekvirert til dømes når nokon er sakna. Dei kan bli kalla ut på oppdrag i heile politidistriktet når alarmen går. Men skulle hunden sjølv bli alvorleg sjuk og trenge hjelp utanfor veterinærane si vanlege opningstid, til dømes i ei helg, så risikerer han å ikkje få hjelp.
— Slik kan me ikkje ha det i Etne, meiner Johansen.
Sa nei