Gode resultat i bilcross. Sølve Østbø (t.v.) vann VM-runden i Bergen, medan broren, Sigbjørn, vart nr. 6.Foto: Privat
Gode resultat i bilcross. Sølve Østbø (t.v.) vann VM-runden i Bergen, medan broren, Sigbjørn, vart nr. 6.

Heilt til topps i Bergen

NMK Vikedal-førar Sølve Østbø gjekk til topps i tredje runde i Vestlandsmesterskapet for bil i Vestlandsmesterskapet for bilcross i Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Rallycrossførarane Åsmund Holten og Bjørn Cato Aarekol prioriterer NM og finalerunden til helga og stilte ikkje til start. Holten ligg i tetsjiktet og kan ta NM-tittelen. Men i bilcross køyrte dei lokale førarane godt i konkurranse med andre vestlendingar under helgast konkurransar i Bergen.

I juniorklassen var det to førarar frå NMK Vikedal på plass. Simen Johansen frå Ølen gjorde det best, og tok fire heatsigrar og to andreplassar i innleiande omgangar. I A-finalen vart det litt stang ut, men ein flott 4. plass på Simen. Vebjørn Hustoft frå Skjold køyrer sin første sesong, og imponerte med å sikra seg ein 7. plass i konkurranse med sterke bergensarar.

Etter girproblem i første innleiande omgang, tok Sølve Østbø frå Ølen heatsigrar i alle dei andre omgangane. I A-finalen køyrte han godt og kontrollert inn til seier framfor Tor Helge Knutsen, NMK Sunnfjord. Sigbjørn Østbø frå Sandeid sleit litt i dei første innleiande omgangane, men etter heatsigrar i dei tre siste vart det plass i C-finalen. Den vann han og rykte opp til B-finalen der det vart 2. plass, og totalt 6. plass i løpet. Tobias Johansen, Ølensvåg, og Sondre Åsheim, kom seg til D-finalen. Der var spesielt Tobias godt med i starten, men tekniske problem gjorde at dei kom litt bak. Tobias vart nr. 16 og Sondre nr. 17.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS