Koronaviruset spreier seg til stadig nye delar av landet. Illustrasjon: Folkehelseinsituttet

893 nye koronasmitta registrert siste døgnet

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 893 koronasmitta i Noreg. Det er 348 fleire enn same dagen førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 644 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 408, så trenden er stigande.

Måndag var 125 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var fire fleire enn dagen før.

28 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 14 på respirator. Det er tre færre på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje oversikta frå Helsedirektoratet.

Ved midnatt natt til tysdag var det utført 7,9 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 201.410 personar testa positivt.

Til no har 4.191.957 personar fått første dose av koronavaksinen, og 3.707.612 personar har fått andre dose.

Til saman er 894 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,1 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 22 dødsfall i Noreg.

Ingen nye lokalt

Grannar: Verken Vindafjord eller Etne kommune har denne veka meldt om nye smitta etter fleire tilfelle i vekene før.

Vindafjord har dei tre vekene før registrert sju nye smitta (2-2-3) i ein periode då 263 er testa, går det fram av kommunen si nettside. Ingen av dei smitta var vaksinerte

Etne kommune meldte i førre veke om elleve nye smittetilfelle, fordelt på Skånevik og Etne. Ifølgje kommuneoverlegen var alle desse vaksinerte og i ulike aldrar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS