Solgunn Liestøl er glad for at dialektprosjektet som dei starta på for eit par år sidan, endeleg ser ut til å bli ferdig. Trass utsetjingar og pandemi.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Dialektar under lupa
Det blei ein seigliva prosess å forska på dialektane i distriktet, og nok ein gong er det pandemien som får skulda. Trass korona er likevel arbeidet med å kartlegga dialektane endeleg godt i gang.
I september i fjor trefte Grannar Solgunn Liestøl, som er leiar i Karmsund mållag og leiar for styringsgruppa som forskar på dialektane i distriktet. Dialektprosjektet var endeleg i gang, og målet var å kartleggja dialektane i Haugesund, Tysvær, Bokn, Sveio, Karmøy, Vindafjord og Etne. Ei Facebook-gruppe blei etablert for å skapa litt blest om dialektar, og med professor Jan Kristian Hognestad på laget var dei klare for å få på plass ein database som var tilgjengeleg for folk som ville forska på dette emnet.
Så kom koronabølgje nummer to!
— Planen var at dei som skulle intervjua folk om dialektar, skulle gjennomføra 70-100 intervju frå november i fjor til påske i år. Det gjekk jo sjølvsagt ikkje då den store bølgja kom på hausten. Men no er me endeleg godt i gang, seier Solgunn Liestøl.