Enge skule.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Debatt
Ein skulekvardag tilpassa elevane
I slutten av oktober skal kommunestyret i Etne behandle ei sak om organisering av skuleveka i Etne kommune. Klubben i Utdanningsforbundet ved Enge skule ønskjer at representantane i kommunestyret skal vite kor pedagogane ved vår skule står i denne saka.
Utdanningsforbundet Etne sendte i februar 2021 ut ei spørjeundersøking til medlemmer i skulane. På spørsmålet om kva organisering ein meiner er best for elevane svarar 85 % på Enge skule at dei meiner skule fordelt på fem dagar er betre for elevane. 7,5 % meiner dagens organisering er best. Dette er eit tydeleg signal om korleis lærarprofesjonen oppfattar saka.
Mange tenkjer først og fremst på korleis skuledagen er for dei yngste elevane når dei skal vurdere korleis skuleveka skal organiserast. Ei femdagars veke for alle elevar vil vere betre for elevane si læring. Dei får ei jamn skuleveke utan oppbrot midt i veka. Skuledagane blir også kortare og for fleire elevar vil dette gjere at det er lettare å halde på konsentrasjonen den siste timen. Dagane på småskulen er lange, noko også fleire foreldre nemnar i deira svar til undersøkinga som kommunen sendte ut i vår. Det er ikkje lett for ein førsteklassing å halde seg konsentrert når klokka nærmar seg halv tre. I tillegg kan dette gjere overgangen frå barnehage til skulekvardag større enn kva den treng å vere. Det er engasjerte og gode lærarar i dei yngste klassane som legg godt til rette for leik og aktiv læring, i tillegg til fleire pausar. Likevel er læringsutbyttet den siste timen mindre enn kva me skulle ønska.
Med femdagars veke kan ein organisere undervisninga på ein annan og betre måte for dei yngste elevane. Timeplanlegginga når ein skal klemme alt inn på fire dagar er krevjande. Eit døme er uteskule. Det er mykje som skal klaffe for å få det til. Dersom ein kan planlegge undervisninga over fem dagar i staden for fire, vil dette bli lettare å organisere.
Det er lurt å merke seg at organiseringa også påverkar både eldre elevar og dei tilsette på høgare steg i høg grad. Til dømes har elevane i fjerde klasse på Enge skule fem fulle dagar à 6 skuletimar kvar anna veke. For å setje dette i perspektiv kan ein sjå det opp mot ein lærar i 100 % stilling. Læraren har full veke med 26 undervisningstimar. Kvar anna veke har elevane i 4. klasse har 30. Dei er ni år gamle.
På mellomsteget har elevane fri om lag éin onsdag per månad. Undervisningstimane til lærarane er difor fordelt ulikt på vekene med eller utan undervisning onsdag. Ein lærar i full stilling på mellomsteget arbeider overtid tre av fire veker fordi det er ein undervisningsfri onsdag i månaden. Ordninga med onsdagsfri gir ei ikkje frivillig ordning med ujamn arbeidsbelastning.
Både foreldre, pedagogar og politikarar vil det beste for dei flotte borna våre. Me vil at dei skal trivast og ha gode dagar på skulen. For oss vil det seie ei skuleveke på fem dagar.
Hege Cathrin Hegerland
på vegner av styret i klubben Enge skule