Var sterkt knytt til Vikebygd
Ivar Orgland var Oslo-guten som var vestlending i hjarta. Ein språkmann, lyrikar, og omsetjar som gjennom heile livet hadde eit nært og godt forhold til mor sin heimstad, Vikebygd. I dag ville han fylt 100 år.
Carl Ivar Svendsbø Olsen blei fødd 13. oktober 1921, i byen som den gong heitte Kristiania. Carl Ivar, som til kvardags blei kalla Ivar, vaks opp i Apotekergaten 8, midt i Oslo sentrum. Far hans eigde og dreiv Firma Carl M. Olsen, som i mange år var landets største vognmannsforretning, og han var kongeleg hoffleverandør for både Kong Oscar II og for Kong Haakon VII.
Gjennom mor si, Maren Kristine, blei Ivar godt kjent med Vestlandet og Vikebygd gjennom heile sin oppvekst. Morfaren til Ivar, som også heitte Ivar, var både lensmann og stortingsmann, og var busett på Kvamstø i Vikebygd. Kvar sommar gjennom heile oppveksten besøkte Ivar heimstaden til mor si. Han fekk eit tett og godt forhold til både bygda og dialekten, og bestemte seg tidleg for at han skulle byrja å skriva landsmål i staden for riksmål.
Opera og doktorgrad