Det blir vått på Vestlandet både fredag og sundag, men laurdag er det håp om ein dag utan nedbør. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Det blir vått på Vestlandet både fredag og sundag, men laurdag er det håp om ein dag utan nedbør.

Tøff start og slutt på helgevêret

Publisert Sist oppdatert

– Landet vårt er kontrastfylt, og det blir litt av kvart i dei ulike delane av landet denne helga, seier vakthavande meteorolog Pernille Borander ved Meteorologisk institutt til NTB.

Eit stort lågtrykk sirkulerer over landet inn mot helga. På Vestlandet er det sendt ut farevarsel om mykje nedbør. I Møre og Romsdal er det venta 60 til 90 millimeter nedbør inn mot fredagen. Det er mykje.

Åtvarar mot snøfokk

– Det blir vått. Men det er òg kaldt. Derfor har vi sendt ut farevarsel frå torsdag til fredag. Det same gjeld fjellet i Sør-Noreg der kombinasjonen av mykje snø og kraftig vind vil gi lokalt kraftig snøfokk og vanskelege køyreforhold, seier meteorologen.

Tørt og sol i aust

Kontrasten til snøfokk og massiv nedbør finn vi på Austlandet. Her ventar meteorologen relativt tørt vêr og litt sol i alle fall til og med laurdag. Heile Sør-Noreg kan oppleve opphaldsvêr laurdag. Delar av Vestlandet kan òg få glimt av sol på laurdagen, men det er spesielt Austlandet som kan sjå fram til ein fin dag.

I Midt-Noreg blir det venta tørt vêr laurdag, men jo lenger nord du kjem, desto større er sannsynet for snø.

Regn i sør søndag

Søndag er eit nytt lågtrykk på veg frå vest. Då blir det regn over heile Sør-Noreg, både i sør, aust og vest. Langs kysten på Vestlandet blir det venta mykje vind – stiv til sterk kuling.

I Nord-Noreg roar det seg ned søndag etter ein vindfull og kald opptakt med snø mange stadar.

– Dette er typisk haust for Noreg med skiftande vêr. I Sør-Noreg held temperaturen seg relativt høg, medan det kjølige vêret held fram i nord, seier Pernille Borander.

Vinter i nord

Med vedvarande snøbyer og minusgrader er det ifølgje meteorologen vinteren som har komme i Nord-Noreg.

– Meteorologisk vinter blir definert med gjennomsnittstemperaturar under null grader. Vêret i Nord-Noreg nord for Nordland må kunne kallast vinter no, seier ho.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS