Bekkar og elever rann strie dei første dagane i denne veka.
Illustrasjonsfoto: Arne Frøkedal
Våtaste døgn på eit halvt år
Sommartørken er over, og denne veka har mange opplevd kraftige regnskyll i distriktet. Tysdag var den våtaste dagen det siste halvåret.
Statistikken frå Norsk Klimaservicesenter viser at målestasjonane på Hundseid i Vikedal og Etne fekk mest nedbør tysdag 5. oktober med høvesvis 45,0 millimeter og 47,7 millimeter. Stasjonen i Vats registrerte berre» 32,7 millimeter denne dagen, medan det på Eikemo i Åkrafjorden blei målt 23,0 millimeter.
Dette er det største regnfallet i døgnet sidan 31. mars i år. Eikemo hadde då over 60 millimeter, medan Hundseid og Etne passerte 50 millimeter nedbør med god margin.
Lokal rekord det siste året har Eikemo. 19. november i 2020 blei det målt heile 106,4 millimeter. Basura i Etnefjellet fekk også sin del av regnet dette døgnet; 106,4 millimeter. Hundseid enda på 83,2 millimeter.