Kunsthandverkar Karoline Emmerhoff deltar på arrangementet i Ølen med ei utstilling som vil gjenspegla før, under og etter ei livskrise.
Foto: Privat
Vil bidra til meistring når krisa kjem
Med kunst og refleksjonar vil Ølen og Bjoa sokneråd bidra til livsmeistring og livstolking når endringar og kriser i liver oppstår.
Kari Vik Stuhaug, prest og familieterapeut, har tatt initiativet til eit spennande og annleis prosjekt i Ølen, der utstilling og to arrangement inngår. Bakteppet er fleire sjølvmord i Grannar-bygdene det siste året. Etne og Vindafjord Mental helse og Vindafjord kommune er medarrangør for dette diakonale tiltaket.
— Mental Helse har tidlegare i haust hatt to arrangement med fokus på psykisk helse, og dette blir ei oppfølging av desse. Om dette arrangement er annleis, har det same klangbotn: Nemleg at kriser og livshendingar påverkar liva våre og kan skapa liding og uhelse. Siste året har me alle erfart pandemien som har vore ei ekstra stor belasting for dei mest sårbare. Samtidig speglar ustillinga allmenne erfaringar som høyrer til det å vera menneske, seier Vik Stuhaug, som har arbeidd med læring og meistring i psykisk helsevern i Helse Fonna i ti år.
Rytme og urytme