Dei ni skulane i Vindafjord. Elevtala har endra seg.
Vil bruke mest pengar på skular
Kommunedirektøren vil bruke 61 millionar kroner i ein ny struktur for skular og barnehagar i Vindafjord i åra framover. Først må politikarane bestemme tilbodet i bygdene.
Vindafjord skal i kommunedirektøren sitt forslag bruke 357 millionar kroner til investeringar dei komande åra. Stikkord er Vindafjordhallen, skular og barnehagar.
Nye Vindafjordhallen skal opp igjen etter brannen og har fått eit bruttobeløp på 112 millionar kroner i investeringsforslaget. KLP Skadeforsikring AS har fått gjennomslag for 10 prosent avkorting, og kommunen har ført opp eit nettobudsjett på eigen kappe på 13 millionar kroner med dette utgangspunktet.
Hall og oppvekst