Ein oppdrettslaks øvst og ein villaks nedst. Det er strid om villaksen verkeleg høyrer heime på raudlista.
Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Ser ingen grunn til å raudliste villaks
Onsdag denne veka vart villaksen plassert på raudlista, der han blir karakterisert som trua. Dette skjedde etter at det lenge har vorte åtvara om at bestanden i havet er på veg ned.
Sjømat Noreg meiner at bestanden av villaks i norske elvar er stigande, og dei er forvirra over avgjerda til Artsdatabanken.
– Vi synest det er forunderleg at raudlistinga kjem i 2021, når bestanden dei siste fem åra har peika i rett retning, seier Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonssjef i Sjømat Noreg til NRK Nordland.